Author Archives: Bjarne Lohmann

Young Spokesperson

4.-7. oktober 2018 var 17 speidarar samla på Nordtangen leirstad for å vere deltakarar på Young spokesperson. Deriblant var 4 frå Noreg, 3 frå Danmark, 3 frå Sverige, 3 frå Island, 2 frå Finland og 2 frå Færøyene. Alle dagane bestod av ulike seminar kor vi fekk høyre om det å vere ein ung talsperson i speidarsamanheng. Vi fekk jobbe i grupper med både folk frå vårt eige land, og med speidarane frå dei andre landa.
Før kurset, hadde alle deltakarane fått ei oppgåve som dei skulle gjere heime. Oppgåve var å finne eit eksempel på ein gong speidarorganisasjonen eller enkeltspeidarar har uttalt seg om ein sak, som det er bra at nokon har uttalt seg om. Den andre delen av oppgåva var å finne eit tema som ingen hadde uttalt seg om i speidarsamanheng, men som ein syntest at nokon burde ha sagt noko om. Her fekk vi høyre veldig mykje forskjellig frå dei ulike landa, alt frå pride til flyktningkrisa.
Eg lærte mykje om korleis og kva ein kan eller bør uttale seg om når ein representerer speidarorganisasjonen sin. Den eine dagen lærte eg mykje om verdiar. Vi snakka om kva grunnverdiar dei ulike speidarorganisasjonane har, og korleis dei stemmer overeins med våre eigne verdiar. Dette vart knytt opp mot kva verdiar ein skal representere, når ein uttalar seg som speidar, og dette vart diskutert i grupper.
Den eine dagen hadde vi ei øving, kor vi fekk ulike sakar som er typiske medieoppslag, og vi skulle stille oss i ein av tre grupper; «dette ville eg uttalt meg om som speidar», «dette ville eg ikkje ha uttalt meg om som speidar» og «nøytral/usikker». Også her fekk ein moglegheit til å diskutere med dei som hadde eit anna synspunkt enn det ein sjølve. Under denne øvinga diskuterte vi mellom anna kor vidt speidarar skal uttale seg om politiske saker, og vi fekk høyre ulike synspunkt på dette.
I løpet av desse 4 dagane, fekk vi og sjølvsagt moglegheit til å bli kjend med kvarandre. Rundt middagsbordet var det mange diskusjonar om korleis kulturen i dei ulike landet er, kva som er likt og ulikt. Vi frå Noreg viste til dømes dei andre korleis nasjonaldraktene våre ser ut. Vi lærte kvarandre nye kortspel, korleis ein kan telje til ti på finsk og sat oppe til langt på natt og snakka om alt og ingenting. Når vi snakka saman, spesielt med dei frå Danmark og Sverige, gjekk det i norsk, svensk, dansk og engelsk om kvarandre, og eg kan i alle fall seie at eg sjølv lærte mange nye ord på dei andre språka.
Alt i alt var Young Spokesperson ei veldig lærerik og sosial helg kor eg ikkje berre lærte om å vere ein talsperson, men også mykje om andre land, språk og kulturar, og fekk gode vennar og bekjentskap med roverar frå heile Norden. Skrevet av Anette Vedøy, foto: Trond A Karlsen

Workshop at Young spokespersons

All participants of the Workshop at Young Spokespersons Course